PAB logo

photo belonging to pab-news article

Else Olsen S

Else Olsen S. (1978) sitt arbeid har base i lyd, tekst og performance, utdanna frå m.a. Norges musikkhøgskole, samt eigenstudiar med komponistane Kjell Samkopf, Pauline Oliveros (1932-1916) og Christian Wolff (f.1934). Hennar stipendiatarbeid, frå NMB/GA “Open form – ei utvida utøvarrolle” (2015) dreier seg om interpretasjon av ukonvensjonell notasjon, t.d. grafikk, tekst eller tal. Ho arbeider i den eksperimentelle kunsten, men blandar gjerne inn andre sjangrar også, som bedehuskulturen og folkemusikk. Alternative speleteknikkar og preparert piano er ein viktig del av hennar arbeid. Ho er dirigent for Leiketøysorkesteret, eit orkester som har spesialisert seg på samspel med menneske. Utøvarane har alle ulik bakgrunn, nokre gamle, nokre nye, men alle med ei sterk trong til å uttrykka seg. Som dirigent jobbar Else Olsen S. aktivt mot diskriminering av leiketøy, som dei ofte opplever samanlikna med konvensjonelle musikkinstrument.