PAB logo

photo belonging to pab-news article

Hernik Koppen

Foto: Antti Ahonen

Henrik Koppen (f. 1990) er ein performance-kunstnar frå Velsvik på Sunnmøre. I tillegg til performance jobbar han mykje med musikk, lyd, skulptur og teikning, og er engasjert i fleire samarbeidsprosjekt som til dømes performancegruppa HITYAMAC og duoen Koppen & Jorkjen. Han har ein BA frå Kunsthøgskulen i Bergen, og er for tida busett på Sunnmøre.

Eitt sentralt arbeid Henrik Koppen har jobba med er performance-serien Giving and Taking der han samlar væsker frå ulike tre. Til dømes har han samla bjørkesevje, laga furunålsolje og brent tjøre av furuved og brukt dei i live-performancar. Han utforskar omgrep som “det flytande” og forholdet mellom menneske og ikkje-menneske sett i lyset av tida vi lever i, med øko-katastrofer og klimaendringar, der menneske vert medvitne på si rolle i verda på ein ny måte.

Koppen har delteke i performancefestivalar som PALS i Stockholm (2014), PAB Open (2015 og 2017), Territories i Torun i Polen (2016), PAO performancefestival i Oslo (2017) og Performance Crossings i Praha (2019).