PAB logo

photo belonging to pab-news article

Mari Norddahl

Mari Norddahl arbeider med mjuke, abstrakte tekstilobjekt, som opptrer som eigne vesen med ein eigen agenda. Dei følgjer ein organisk estetikk med ein likskap til det kroppslege. Gjennom performance, skulptur og installasjonar undersøker ho korleis vi oppfattar objektet i forhold til menneskekroppen, samtidig stiller ho spørsmål om skulpturane kan eksistere som ei autonom eining. Ho søkjer etter å forstå tinga si oppfatning av verden, om det kan ha eit eige medvit, eller om eit slikt konsept berre er ein projeksjon av menneskelege tankar.


https://www.marinorddahl.no